Friday, April 13, 2007

Den ulGe samlinga

Den ulGe Samlinga!
Yess, no har vurderingsbiten sett seg litt på plass. Etter å ha diskutert og sett kriteria som Anita Nomann synte fram, har terskelen for å prøve samansette tekster vorti lægre. Det har og vorti lettare å formidle eit opplegg til kollegane våre. Temaet er meir konkret å leggje fram.
Elles var det ein fin dag torsdag, Anita Normann som hadde med seg mange lure tankar.
Etter denne samlinga har vi vorte noko betre kjend med deltakarane, slik sett er det greitt med samlingar over to dagar. Det blir lettare og lettare med bloggskriving. (ifølge @lte er dette viktig? er vi samde i det da?)
Det "nye" som sette seg fast hjå oss etter denne samlinga, var fokuset Normann hadde på manuset. Ho meinte det var viktig å førebu innhaldet godt før ein gjekk på det tekniske. Er det alltid like lurt? Elevane er ikkje like!